Back to All Events

Bokslepp: Det er lenge til skumring - Tharaniga Rajah

face.jpg

Endeleg er ho her - boka!

DET ER LENGE TIL SKUMRING 
Noreg har utsett samane for utreinsking, så Raisa tek med dottera Násti til Finnmark. Der blir dei del av ein samisk fellesskap, som bygger ein samisk stat. Men snart blir den nye staten angripen av nabolanda, og Raisa må kjempa for å verna det nye landet sitt og dottera. 

Boka er lagt til ein alternativ røyndom og handlar om krig, terror og samhald (og rasisme ikkje minst!)

Me har eit flott program: BRIT BILDØEN les frå den nye romanen sin Tre vegar til havet, som au kjem ut i oktober(denne har me venta på!). MARIA KJOS FONN frå den kritikarroste romanen Kinderwhore, det blir TAMILSK DANS, samtale mellom redaktør David Aasen og meg, og ikkje minst opplesing frå Det er lenge til skumring. 


THARANIGA RAJAH 
(f. 1984) Frå Moi, har studert asiatiske og afrikanske studiar og arbeider på Ullevål sjukehus.

BRIT BILDØEN
(f. 1962) er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, seinast P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.

MARIA KJOS FONN
(f. 1990) debuterte med den kritikerroste novellesamlingen "Dette har jeg aldri fortalt til noen" i 2014. Hun ble nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris for samlingen og mottok Aschehoug forlags debutantstipend. Hun studerer litteraturvitenskap og arbeider som frilansskribent. 

Earlier Event: October 26
Naustet viseklubb: Pauline Östgård
Later Event: October 28
Urban Recharge Retreat