Back to All Events

Releasekonsert: Siri Byrkjedal

face.jpg

I dagens individualistiske samfunn, skaper Siri Byrkjedal eit fellesskap i kaoset. Gjennom å sette ord på unge og samfunnsbevisste menneskers bekymring for verda og framtida, inviterer Siri Byrkjedal til eit musikalsk fellesskap der ein saman kan kjenne på desse kjenslene. 'Songs for a restless world' er eit album for alle som kjenner ei bekymring for framtida, men samtidig har eit ønske om å gjere verda litt betre. Plata består av moderne protestsongar med ein politisk brodd, og er ei reise gjennom eit rikt og ope musikalsk landskap.

Gjennom relaterbare, direkte og ærlege tekstar, sett Siri ord på dei utfordringar mange har i dagens samfunn, og skapar eit fellesskap der alle får plass. Musikken har røter i folk og vise- tradisjonen, og er bygd på kontrastane mellom det vakre og utfordrande, sterke og skjøre, tvil og tru og skapar eit rom der lyttaren kan finne ro og tilhøyrsle.

Siri Byrkjedal er ein kunstnar, songar, instrumentalist, tekstforfattar og komponist frå Sandane i Nordfjord, busett i København. Ho er utdanna frå Norges Musikkhøgskule (Oslo) og det Rytmiske Musikkonservatorium (København), og i musikken høyrer ein referansar til folkemusikken heime ifrå, viser, protestsongar og meir eksperimentelle musikalske uttrykk.

I januar kjem debutplata ’Songs for a Restless World’ ut på Oslobaserte KOSO.

Dørene åpner kl. 20.30, konsertstart kl. 21.00
Billetter: 200,- (ordinær) / 150,- (student)
ID: 18 år
Hvor: Naustet

Get Tickets
Earlier Event: December 31
Nyttårsbadet 2019